GJESTEBLOGGER: «En slaves bekjennelser»

Heisann folkens, mitt navn er Jostein, og eg er assistent for Torstein og gjesteskribent i dagens utgave av bloggen. Idag tenkte eg å prate om det å jobbe som assistent for «Tøstein», aka «Herskeren», «Kongen» eller «den eneveldige». Som ansatt (slave, trell osv) hjå overnevnte, blir ein vant til litt av kvart på jobb. Denne jobben er mildt sagt variert, og omfattar oppgåver som tv-titting, matlaging (får også ete sjølv), bilkjøring, «personal shopping», teknisk deligert, vaskekjerring osv. Nettopp denne variasjonen er noko av det som gjer det så triveleg å jobbe hjå Torstein. Når ein møter på jobb, er det umogleg å forutsi om det blir fleire timar med seriar på widescreenen eller om det blir eit hardkjør med masterskriving, partiarbeid eller arbeidslister, og derfor må ein gå på oppgåva med opent sinn. Torstein er litt av ein type, som både kan være verdens snillaste eller ein beinhard sjef, men alt i alt er han suveren når det kjem til å skape ei triveleg atmosfære og jobbkvardag.

Merkar forresten at det var uvant å skrive nynorsk her; slutta med det på ungdomsskulen stort sett. Men må vel prøve å halde på dialekta og morsmålet sitt. Vang i Valdres er ein fantastisk flott plass, men eg har alltid irritert meg over at dei er så fisefine i språket der, og at den eldgamle vangsdialekta er i ferd med å svinne hen. Skjerp dykk, Vang! Anbefaler alle å valfarte til Vang mens dialekta er nokonlunde inntakt der.

Funksjonshemminga til tross, så er Torsteins smakslaukar av dei mest velutvikla i mils omkrets. Her går det i feit, amerikansk mat, og Torstein er heller ikkje snau på å komponere sine eigne rettar. Desse rettane har den fellesnevnaren at hovedkomponentane er fett og sukker. I store mengder! Burde vere obligatorisk med innveiing før og etter vakta, for her går det i kraftig kost. Frokosten kan bestå av litt brød, dekt til med enorme mengder sjokoladepålegg, peanutsmør og smør. Rart korleis han klarer å vere konstant smal over hoftene med slik kost! Matlaginga og smaken til Torstein, set eigentleg lavkarbodiett og vektklubb og alt det der i eit komisk lys. Det som er bra, er at det er skikkeleg mat, laga frå botnen av. Og det at Torstein har meir praktisk sans enn meg og betre oversikt over korleis ting skal gjerast, seier mykje om han. Eller kanskje eigentleg mest om meg 😛 Han kunne fint gått inn som programleiar av Hells Kitchen 🙂 Akkurat no ser vi på eit kokkeprogram på tv, og begrepet «vann i munnen» forekommer hjå opptil fleire her 🙂 God mat!

2 thoughts on “GJESTEBLOGGER: «En slaves bekjennelser»

  1. Godt å høyre at alt e som det bruka å være! Fine folk!:):) Go sommar til dokke begge! Klem frå Cape Town..:)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s